14. og 15 Februar 2026 - BAF på VilVite
Laurdag 14. og søndag 15. februar, var me i BAF på VilVite , og delte av vår kunnskap om astronomi og astronomisk utstyr.
Me hadde ein stand inn på Vilvite, der besøkande kunne høyre på foredrag, sjå på forskjellige teleskop, og løyse oppgaver.
Ute på taket av VilVite bygget hadde me to teleskop som beøkande fekk prøve.
Geir Styve fortel om val av teleskop. Bilde Roar Inge Hansen.
Ronny Hjelland har ei oppgave for besøkande, der ein kan gjette størrelse på månen i forhold til Jorda, og den forholdsmessige lengda frå jorda til månen. Bilde Roar Inge Hansen.
Dag Magne Ulvang viser fram ein ekvatorial-montert refraktor. Bilde Roar Inge Hansen.
På taket hadde me to teleskop der ein kunne sjå på blandt anna Ulriken i ein dobson-montert reflektor, og ein ekvatorial-montert refraktor. Mange nyfikne, både born og vaksne tok turen opp på taket for å sjå gjennom teleskopa.
Tekst: Jonas Waage
Bilder: Jonas Waage, Roar Inge Hansen.